Lærling energioperatør
Sognekraft
SOGNDAL, 6857 SOGNDAL
To måneder siden
Om stillingen
Lærling energioperatørVil du lære korleis fornybar energi blir produsert?
Sognekraft Produksjon produserer fornybar energi og driftar 20 kraftverk, fire av dei er heileigde. Sognekraft Produksjon har fleire spanande prosjekt under utvikling, mellom anna bygging av Feios kraftverk, som skal vera klar for drift i løpet av hausten 2025.
Vedlikehaldsgruppa held til i Årøy og består av 13 gode kollegaer som har ein arbeidskultur der vi legg vekt på godt samarbeid. Med 20 kraftverk fordelt i Sogn og Fjordane, og eit fjordenergianlegg, må du vere strukturert og ha ordenssans. Geografien kan utfordre oss, og det er ein fordel å vere i god form og like fysisk aktivitet. Me har stor medverknad på eigen arbeidskvardag og blir motiverte av å løyse oppgåvene våre, som sikrar optimal kraftproduksjon på ein god og trygg måte.
Arbeidsoppgåver
Me ønskjer at du har
Kven ser me etter?
Me ser for oss at du er ein person som er påliteleg og strukturert. Du er opptatt av tryggleik og trivst med å jobbe. Teknologi og nyvinningar interesserer deg, og du ønskjer å finne gode løysingar, anten det er åleine eller saman med resten av vedlikehaldsgruppa. I tillegg trivst du med å vere i god form og likar fysisk aktivitet.
Om arbeidsgjevar
Hjå oss vil du bli ein del av ei gruppe som
Er du klar for å bli med på laget?
Du passar til jobben om du har du teknisk interesse og praktisk sans, og er på jakt etter dei gode løysingane enten åleine eller med oss andre i vedlikehaldsgruppa.
Ta kontakt med kraftverkssjef Bjarte Haugen på tlf. 413 24 789
Om bedriften
Vil du vere i ei verksemd i stadig vekst? Ha ein arbeidsgjevar som trur på framtida og torer å satse? Då er Sognekraft verksemda for deg.
I Sognekraft-konsernet er vi over 160 energiske medarbeidarar – og me vil bli fleire og gjerne fleire kvinnelege kollegaer! Arbeidsstad er ved hovudkontoret i Vik, eller ved våre andre lokasjonar i Lærdal, Aurland, Balestrand og Sogndal. Me har tru på ei framtid som etterspør rein energi.
På fritida likar me å utfordra oss sjølve i denne enorme leikeplassen her i Sogn. Me kosar oss i laussnøen, klatrar og klyv oppover fjellsidene, syklar og vandrar gjennom landskapet, og nyt gode dagar på verdas lengste og djupaste fjord.
Sognekraft skal utføre mange spennande utviklingsoppgåver dei neste åra. Me skal utvikle straumnettet vårt for framtida. Ei framtid der me tek høgde for klimaendringar og ekstremvêr, som set større krav til leveringstryggleik og kvalitet. Me skal auke produksjonen vår av rein fornybar energi.
Tittel
Lærling energioperatør
Oppstart
Type engasjement
Annet
Sektor
Privat
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson

Relaterte stillinger
S
Lærling energioperatør
Sognekraft
SOGNDAL
To måneder siden