Kunne du tenkt deg å bruke fritida på noko meiningsfullt?
Vindafjord kommune Helse
Rådhusplassen 1, 5580 VINDAFJORD
Over en måned siden
Om stillingen
Er du ein varm og engasjert person som ønsker å bidra til meistring, glede og gode opplevingar for andre? Familieteamet i Vindafjord kommune søkjer no etter ein støtte-/fritidskontakt for ein gut på 10 år som ønskjer støtte til å delta i sosiale aktivitetar og skape gode kvardagsminner.
Om oppdraget:
Som støtte-/fritidskontakt får du moglegheit til å vera ein trygg og viktig person i livet til eit barn. Du blir med på aktivitetar som turar, gaming, kafébesøk, fiske, kino eller følgje til organiserte fritidsaktivitetar – alt i dialog med familien og tilpassa barnet sine interesser.
Omfang: 3 timar per veke
Tidspunkt: Etter avtale med familien
Vi ser etter deg som:
Er påliteleg, omsorgsfull og trygg i møte med barn
Har interesse for gaming og gjerne også for dyr (spesielt hund)
Har førarkort og disponerer eigen bil
Er over 18 år og kan binde deg til faste, avtale tidspunkt
Har lyst til å bidra med positiv energi og gode opplevingar
Vi tilbyr:
Ei meiningsfull og variert rolle der du verkeleg gjer ein forskjell
Rettleiing og støtte frå Familieteamet
Lønn og utgiftsdekning i tråd med gjeldande tariff og avtaleverk
Ingen formell utdanning er nødvendig, men politiattest må framleggjast før oppstart.
Ønskjer du å bruke litt av tida di på å bety mykje for ein annan? Då høyrer me gjerne frå deg!
Kontaktinformasjon:
Elin Gravelsæter, Familieteamet
Tlf: 404 31 631
E-post: elin.gravelseter@vindafjord.kommune.no
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Om bedriften
Tittel
Bli støttekontakt – og gjer ein forskjell i kvardagen til ein 10-åring!
Oppstart
Type engasjement
Annet
Sektor
Offentlig
Omfang
Deltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson

Relaterte stillinger
VK

ØLEN
Over en måned siden