Universitetslektor i russisk språk – mellombels tilsetjing (25 prosent)
Universitetet i Bergen
Christiesgt. 18, 5020 BERGEN
3 dager siden
kr 301 - 320
Per time
kr 52 125 - 55 458
Per måned
kr 625 500 - 665 500
Per år
Oppsummert av KI
Rapporter feilOm stillingen
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAVelkomen som søkjar til ei mellombels 25 prosent stilling som universitetslektor i russisk språk ved Institutt for framandspråk, Universitetet i Bergen (UiB). Stillinga har varigheit frå 1. august 2025 til 30. juni 2026.
Institutt for framandspråk (IF) har rundt seksti fast vitskapleg tilsette, kring tjue ph.d.-stipendiatar og postdoktorar, elleve administrativt tilsette, og mellombels tilsette i kortvarige engasjement. Instituttet tilbyr studieprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk, spansk språk og latinamerikastudium. Russiskfaget har 3,25 fast tilsette.
Undervisningstilbodet på russisk strekkjer seg frå innføringsnivå til master- og ph.d.-studium.
Den som blir tilsett, skal undervise i russisk språk på alle nivå, med hovudvekt på bachelornivå. Arbeidsoppgåvene omfattar førelesingar og seminarundervisning i språkvitskap, omsetjing og praktisk skriftleg og munnleg russisk.
Ved tilsetjing legg instituttet vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
Tilsetjing i stillinga krev at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten.
Den som blir tilsett må retta seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. Søknaden skal innehalde:
Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til fagkoordinator førsteamanuensis Brita Lotsberg Bryn på telefon 55 58 29 91 eller e-post: brita.bryn@uib.no, eller til instituttleiar Martin Paulsen på telefon 55 58 23 86 eller e-post martin.paulsen@uib.no.
Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Tittel
Universitetslektor i russisk språk – mellombels tilsetjing (25 prosent)
Oppstart
Type engasjement
Vikariat
Sektor
Offentlig
Omfang
Deltid
Antall stillinger
1
Om stillingen

Rapporter feilTittel
Universitetslektor i russisk språk – mellombels tilsetjing (25 prosent)
Oppstart
Type engasjement
Vikariat
Sektor
Offentlig
Omfang
Deltid
Antall stillinger
1
Relaterte stillinger

BERGEN
3 dager siden