Overlegar (Traumatologi)
Lungeavdelinga/ Lunge Poliklinikk, dageining og rehab., Helse Bergen HF
BERGEN
Tre uker siden

Haukelandsveien 22, 5021 BERGEN
Tre uker siden
Om stillingen
Haukeland universitetssjukehus er Regionalt Traumesenter i Helse Vest, og mottar årleg mellom 5-600 traumepasientar. Traumesenteret er ein klinisk avdeling som driv med tverrfagleg oppfølging av traumepasientar, opplæring og undervisning innanfor traumatologi, og ivaretar systemansvar for traumatologi i Helse Vest. Avdelinga scorer godt på Forbetringsundersøkinga og er opptatt av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Avdelinga er organisert under Kirurgisk klinikk.
Haukeland universitetssjukehus har oppretta ein styringsgruppe for traumatologi som består av dei 9 klinikkane som behandlar traumepasientar på Haukeland + Voss sjukehus, for å sikre tverrfagleg og helhetlig utredning og behandling av traumepasienten gjennom heile behandlingskjeda. Styringsgruppen har nyleg vedtatt kombinasjonsstillingar for ny organisering av traume bakvakt, der klinikkane bidrar for å sikre rekruttering inn i stillingane, og ny 9-delt bakvakt ordning er planlagt iverksatt medio September 2025.
Overlegar som inngår i traume bakvakt har 3 overordna kompetanseområde: eigen spesialitet, beredskap og traumatologi. Styringsgruppa har ansvar for at overlegar som vel å gå inn i ny traume bakvakt ordning opprettheld fagkompetansen sin med nok relevant kirurgi/anestesi, minst tilsvarande som før dei gjekk inn i traume bakvakt. Det føreset at overlegar som inngår i ordninga går i delte stillingar (t.d. 30/70 eller 50/50) mellom Traumesenteret og moderavdeling (t.d. Thorax, Gastrokir, Karkir, Generell kirurgi, KSK, OT, eller MK). Traumesenteret er fleksibel mtp konkrete løysingar, og stillingane lysast ut i samarbeid med moderavdeling. Nødvendig opplæring vil bli gitt.
Arbeidsoppgåvene er for tida
- Klinisk behandling av traumepasientar i ulike fasar av behandlinga, inkludert traumeteam, tertiærundersøkingar og intensiv/post visitt
- Undervisning, interne og eksterne kurs innan traumatologi, inkludert hemostatisk nød kirurgi kurs
- Delta i traume bakvakt ordning, planlagt 9-delt bakvakt (heimevakt etter 1600 og helg) frå hausten-2025
- Delta i forsking, forbetrings- og kvalitetsarbeid
- Delta i beredskapsarbeid
- Delta i rettleiings av medlemmar av traumeteam
- Delta i debrief etter hendingar
- Delta i traumenettverk
Kvalifikasjonar
- Spesialist i eitt av følgande fagfelt: Thorax-kirurgi, Kar-kirurgi, Gastro-kirurgi, Generell kirurgi, Ortopedi, Akutt og Mottaksmedisin eller Anestesi
- DSTC kurs/Kurs i hemostatisk nødkirurgi, ATLS kurs, Best teamtreningskurs
- God fagleg vurderingsevne og likar å jobbe i eit aktivt miljø med stor variasjon i arbeidsoppgåver
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Norsk autorisasjon
Personlege eigenskapar
- God evne til å samarbeide i team
- God evne til gjennomføring av eigne prosjekt
- Gode kommunikasjonsevner både mot teammedlemmar, pasientar og pårørande
- Gode samarbeidsevner mot andre faggrupper innan traumatologi
- God kjennskap til aktørane i traumekjeda
Vi tilbyr
- Eit svært godt og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Store moglegheiter for å påverke eigen arbeidskvardag
- Lønn i samsvar med med gjeldande overeinskomst/ etter avtale
- Konkurransedyktig pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Geir Arne Sunde, Avdelingssjef, 99204008, gasu@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4983018419
Stillingsprosent: 30%
Fast
Startdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 30.06.2025
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Tittel
Overlege Regionalt Traumesenter
Oppstart
2025-09-01
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Deltid
Antall stillinger
9
Kontaktperson
Sjekk lønna di!

Relaterte stillinger