Professor II/Førsteamanuensis II (20 % ekstraerverv) i medisin
Universitetet i Bergen
Haukelandsveien 28, 5009 BERGEN
En uke siden
kr 365 - 466
Per time
kr 63 333 - 80 833
Per måned
kr 760 000 - 970 000
Per år
Oppsummert av KI
Rapporter feilOm stillingen
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgADet medisinske fakultet har ledig ei åremålsstilling som professor II eller førsteamanuensis II (20 %, ekstraerverv «bistilling») i medisin, tilknyttet forskerlinje, i 6 år frå tilsetjing. Stillinga er knytt til fast hovudstilling (min. 50 %) ved Haukeland Univeristetsssykehus. Arbeidsstad er Det medisinske fakultet.
Ansvarsområdet er forskarlinje, eit spesialtilbud for medisin- og odontologistudenter som har interesse for forsking og framtidig karriere som forskarar. Etter finansiering av Norges forskningsrådet, tas det årlig opp 17 studenter (15 medisin; 2 odontologi), som får ein organisert forskaropplæring, i tillegg til å utføra eige forskingsprosjekt, som skal ende med en forskingsartikkel. Fakultetet lyser ut Ph.d stillinger øyremerkt forskarlinjestudentar, slik at forskingsartikkelen og opplæringa representerer ein start på en ph.d grad.
Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for fakultetet.
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Martha Enger (martha.enger@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Tittel
Professor II/Førsteamanuensis II (20 % ekstraerverv) i medisin
Oppstart
Type engasjement
Åremål
Sektor
Offentlig
Omfang
Deltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson
Om stillingen

Rapporter feilTittel
Professor II/Førsteamanuensis II (20 % ekstraerverv) i medisin
Oppstart
Type engasjement
Åremål
Sektor
Offentlig
Omfang
Deltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson
Relaterte stillinger

BERGEN
En uke siden