Postdoktor innan temaet turbulent nedblanding og medriving i brytande bølger
Universitetet i Bergen
Christiesgt. 18, 5020 BERGEN
23 timer siden
UI
Postdoktor innan temaet turbulent nedblanding og medriving i brytande bølger
Universitetet i Bergen
BERGEN
23 timer siden
kr 330 - 330
Per time
kr 57 158 - 57 158
Per måned
kr 685 900 - 685 900
Per år
Oppsummert av KI
Rapporter feilOm stillingen
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor innan temaet turbulent nedblanding og medriving i brytande bølger. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og knytt til WaveForce-prosjektet.
WaveForce er finansiert av Noregs forskingsråd og fleire norske selskap. Prosjektet blir leia av SINTEF Ocean, med deltaking frå UiB og Meteorologisk institutt, samt dei internasjonale partnarane CNR-ISMAR (Italia) og IRD (Frankrike). Temaet er måling av bølger, og medriving av luftbobler og oljedråpar. Målet er å utbetre eksisterande modelleringsverktøy for oljesøl til havs. Postdoktoren vil vere sentral i prosjektet, og kjem til å arbeide tett med andre prosjektdeltakarar på feltmålingar, laboratoriearbeid og modellutvikling.
Kandidaten er forventa å:
Kandidaten må rekne med å tilbringe ein betydeleg del av tida i Trondheim, og å arbeide med utvikling og utplassering av instrument ved OceanLab nær Munkholmen, i samarbeid med SINTEF Ocean. Eit utanlandsopphold hjå ein av dei internasjonale partnarane kan også bli mulig.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Kandidatar som manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, vil få høve til kvalifiserande arbeid, anten i åremålsperioden eller gjennom eventuell forlenging av åremålsperioden (maks fire år totalt). Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar.
Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor II, Geofysisk institutt, Øyvind Breivik (oyvindb@met.no / +47-91102707) ellerprofessor Lars Henrik Smedsrud, Geofysisk institutt (Lars.Smedsrud@uib.no).
For HR-relaterte spørsmål, ta kontakt med Asbjørn Rønningstad Sæther (asbjorn.sather@uib.no).
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Tittel
Postdoktor innan temaet turbulent nedblanding og medriving i brytande bølger
Oppstart
Type engasjement
Åremål
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Nysgjerrig på om du tjener rett?
Med Lønnas lønnskalkulator kan du enkelt sammenligne lønnsnivået ditt.
Om stillingen

Relaterte stillinger