Heimetenesta
Øygarden kommune Heimetenesta
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 ØYGARDEN
14. januar 2026
ØK
Heimetenesta
Øygarden kommune Heimetenesta
STRAUME
14. januar 2026
Om stillingen
Heimetenesta ligg under kommunalsjefområdet helse og velferd og består av fire avdelingar: Ågotnes, Skogsvåg, Straume og Bildøy.
Stillinga er plassert i heimetenesta si stab og rapporterer direkte til einingsleiar. Arbeidsstad er Straume (Bildøybakken).
Vi har no ledig ei 100% fast stilling som fag- og kvalitetsutviklar. Dette er ei nyoppretta stilling der du får ein unik sjanse til å forme rolla, påverke utviklinga og setje retninga for framtida.
Vi ser etter deg som vil vere med å utvikle morgondagens heimeteneste. Du må evne å tenkje nytt, sjå moglegheiter og vere ein drivkraft for å ta i bruk digitale løysingar som styrkjer kvaliteten og effektiviteten i tenesta.
Som fag- og kvalitetsutviklar har du ei nøkkelrolle i å sikre fagleg kvalitet, kontinuerleg forbetring og systematisk utvikling. Rolla skal bidra til at tenesta er forsvarleg, effektiv og i tråd med gjeldande lovverk og kommunale mål.
Stillinga er ledig frå dags dato. Den som vert tilsett må ha førarkort og kunne nytte eigen bil ved behov. Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen må lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist.
Einingsleiar Marianne V. Berland, 901 59 103
Ass. Einingsleiar Kate S. Løland, 950 71 121
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Om bedriften
Tittel
Fag- og kvalitetsutviklar 100% fast stilling
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Nysgjerrig på om du tjener rett?
Med Lønnas lønnskalkulator kan du enkelt sammenligne lønnsnivået ditt.

Relaterte stillinger
Om bedriften
Kontaktperson
Kontaktperson