Testutviklar
Brønnøysundregistrene
Havnegata 48, 8910 BRØNNØY
3 dager siden
kr 274 - 433
Per time
kr 47 500 - 75 000
Per måned
kr 570 000 - 900 000
Per år
Oppsummert av KI
Rapporter feilOm stillingen
Vi bygger og forvaltar register av stor nasjonal betydning. Det skal vi fortsette å gjere, og som testutviklar får du ei viktig rolle for å sikre hyppige leveransar med god kvalitet.
Du er ein av fem testutviklarar som, saman med utviklingsteama våre og andre utviklarar, skal lage effektive løysingar for testautomatisering.
Det er fint om du har erfaring, men det er ikkje eit krav. Vi vil gjerne at nyutdanna også søker.
Du må ha
Det er fint om du også har
Du må kunne bli autorisert for AVGRENSA etter sikkerheitslova. Er du utanlandsk statsborgar, skal autorisasjonsansvarleg hos oss vurdere om tilknytinga di til heimlandet og heimlandet si sikkerheitsmessige betydning utgjer ein risiko knytt til stillinga. I nokre tilfelle må det bli henta inn samtykke frå Sivil klareringsmyndigheit.
Vi kan hjelpe til med å skaffe bustad, og flyttekostnadar kan bli dekte etter nærmare avtale. Ved flytting til Brønnøysund kan husleige bli dekt med inntil 10 000 kroner dei første 6 månadane etter oppstart av arbeidsforholdet. Dette er skattepliktig inntekt.
Vi har eit rekrutteringssamarbeid med Brønnøy kommune og Digitaliseringsdirektoratet. Har du ein partnar som har behov for jobb kan vi formidle kontakt med desse.
Vi ønsker å vere ein inkluderande arbeidsplass, der vi speglar mangfaldet i befolkninga. Vi treng medarbeidarar med ulik erfaring, bakgrunn, kompetanse og kvalifikasjonar for å løyse samfunnsoppdraget vårt. Har du hol i CV-en , nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg til å krysse av for det når du søker stilling hos oss. Vi kallar inn minst ein kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Brønnøysund er ein triveleg liten kystby sør på Helgeland. Vi har korte avstandar til det meste og masse vêr – uansett årstid! Er du glad i naturopplevingar har vi eit utal moglegheiter. Moglegheitene er mange også for deg som heller føretrekk ein tur på kafe eller restaurant, er opptatt av kultur eller ulike treningsmoglegheiter innandørs.
Har du studielån og bur i Brønnøy kommune, kan du få nedskrive lånet kvart år til det er nedbetalt.
Vi vil du skal føle deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hos oss. Dersom du er aktuell for stillinga, tilbyr vi deg ein omvend referansesjekk. Det betyr at du får ringe nokre av våre medarbeidarar og stille dei spørsmåla du måtte ønske for å finne betre ut om vi er ein god match.
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Ønsker du å bli unntatt frå den offentlege søkarlista, må du grunngi kvifor. Vi tar kontakt med deg dersom vi ikkje tar ønsket ditt til følgje, og du får moglegheit til å trekke søknaden din.
For å bli vurdert som søkar, må du legge ved relevante attestar og vitnemål. Vitnemål frå utdanning tatt i Noreg lastar du opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Om bedriften
Brønnøysundregistera utviklar og driv digitale tenester som gjer kontakten med det offentlege enklare for alle. Vi driv mange av landet sine viktigaste register og har 450 medarbeidarar.
Dei fleste jobbar i Brønnøysund. Vi har også medarbeidarar i Narvik og Oslo.
Tittel
Testutviklar
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson
Om stillingen

Rapporter feilTittel
Testutviklar
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson
Relaterte stillinger
Testutviklar
Brønnøysundregistrene
BRØNNØYSUND
3 dager siden