GK
Utdanningsstillingar
Gulen kommune
EIVINDVIK
4. august 2025
Om stillingen
Sjekk ut annonsen til Gulen kommune og søk då vel!
Gulen kommune har ledige utdanningsstillingar til personar som vil studere til barnehagelærar, sjukepleiar eller vernepleiar, med oppstart etter avtale. Stillingane er knytt til heile kommunen, og ein vil verte knytt til aktuell eining i dialog med søkjar. Tilbodet gjeld både deg som allereie har starta utdanning, samt deg som vurderer oppstart i 2025. Vi vil lage ein god plan saman med studentane som får tilbodet, kor vi avtalar oppstart, studieløp, vilkår og plan vidare.
Den som vert tilsett i utdanningsstillinga er å rekne som ordinært tilsett, og utfører ordinære arbeidsoppgåver ut i frå kompetanse og erfaring. Vi avtaler tilpassing av stillinga til studieløpet.
Gulen kommune ynskjer å bruke utdanningsstipend som eit ledd i vår arbeidsgjevarstrategi. Føremålet med stipendordninga er å rekruttere og behalde den til ei kvar tid nødvendige fagkompetansen i organisasjonen, og dekke kompetansebehovet i alle einingane våre. Ved tilsetjing i utdanningsstilling vert ein fast tilsett med atterhald om godkjent fullført bachelor innan dei ovannemnde utdanningane etter avtalt studieløp, samt bindingstid i kommunen på to år etter fullført utdanningsløp. For sjukepleiarar og vernepleiarar er det i tillegg krav om godkjent autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar.
Gulen kommune har fire skulekrinsar, med barnehage i alle krinsane. Vi har stor sett nye barnehagebygg, og barnehagane har for tida to avdelingar.
Barnehagane i Gulen kommune har:
Som student vert oppgåvene tilpassa kvalifikasjonar
Gulen kommune har ein sjukeheim i Eivindvik, samt bu- og omsorgssenter i Brekke, Byrknes, Dalsøyra og Eivindvik. Vi har miljøteneste som tilbyr tenester til menneske med psykisk utviklingshemming, med base på Dalsøyra.
Helse- og omsorgstenestene i Gulen har:

Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Tittel
Gulen kommune. Utdanningsstillingar 2025
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
2
Nysgjerrig på om du tjener rett?
Med Lønnas lønnskalkulator kan du enkelt sammenligne lønnsnivået ditt.
Om stillingen
Sjekk ut annonsen til Gulen kommune og søk då vel!
Gulen kommune har ledige utdanningsstillingar til personar som vil studere til barnehagelærar, sjukepleiar eller vernepleiar, med oppstart etter avtale. Stillingane er knytt til heile kommunen, og ein vil verte knytt til aktuell eining i dialog med søkjar. Tilbodet gjeld både deg som allereie har starta utdanning, samt deg som vurderer oppstart i 2025. Vi vil lage ein god plan saman med studentane som får tilbodet, kor vi avtalar oppstart, studieløp, vilkår og plan vidare.
Den som vert tilsett i utdanningsstillinga er å rekne som ordinært tilsett, og utfører ordinære arbeidsoppgåver ut i frå kompetanse og erfaring. Vi avtaler tilpassing av stillinga til studieløpet.
Gulen kommune ynskjer å bruke utdanningsstipend som eit ledd i vår arbeidsgjevarstrategi. Føremålet med stipendordninga er å rekruttere og behalde den til ei kvar tid nødvendige fagkompetansen i organisasjonen, og dekke kompetansebehovet i alle einingane våre. Ved tilsetjing i utdanningsstilling vert ein fast tilsett med atterhald om godkjent fullført bachelor innan dei ovannemnde utdanningane etter avtalt studieløp, samt bindingstid i kommunen på to år etter fullført utdanningsløp. For sjukepleiarar og vernepleiarar er det i tillegg krav om godkjent autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar.
Gulen kommune har fire skulekrinsar, med barnehage i alle krinsane. Vi har stor sett nye barnehagebygg, og barnehagane har for tida to avdelingar.
Barnehagane i Gulen kommune har:
Som student vert oppgåvene tilpassa kvalifikasjonar
Gulen kommune har ein sjukeheim i Eivindvik, samt bu- og omsorgssenter i Brekke, Byrknes, Dalsøyra og Eivindvik. Vi har miljøteneste som tilbyr tenester til menneske med psykisk utviklingshemming, med base på Dalsøyra.
Helse- og omsorgstenestene i Gulen har:
Som student vert oppgåvene tilpassa kvalifikasjonar
Relaterte stillinger

Kontaktperson
Kontaktperson