Universitetslektor II i norsk som andrespråk
Universitetet i Bergen
Sydnesplassen 7, 5007 BERGEN
3 dager siden
kr 301 - 320
Per time
kr 52 125 - 55 458
Per måned
kr 625 500 - 665 500
Per år
Oppsummert av KI
Rapporter feilOm stillingen
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAVelkomen som søkjer til ei 20 % åremålsstilling (ekstraerverv – «bistilling») som universitetslektor II i norsk som andrespråk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Åremålsperioden for stillinga er to år frå tilsetting. Ønskja oppstartsdato er 1. september 2025.
Eit krav for tilsetjing i bistilling er at ein har ei hovudstilling utanfor Universitetet i Bergen.
Instituttet har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, kring 50 ph.d.-kandidatar og postdoktorar. Vi tilbyr studieprogram i nordisk språk og litteratur, klassisk filologi, allmenn litteraturvitskap, digital kultur, lingvistikk, norsk som andrespråk, norrøn filologi, kunsthistorie, teatervitskap og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen. Instituttet er óg stolt vertskap for to senter, Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg.
For tida arbeider 3 tilsette innanfor norsk som andrespråk i tillegg til to stipendiatar.
Undervisningsspråket er norsk.
Personlege eigenskapar blir vektlagd i vurderinga.
Det er forventa at den tilsette hovudsakleg utfører arbeidet sitt på campus ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som gjeld for stillinga.
Følg denne lenka for meir informasjon om tilsetjingsprosessen.
Søknaden skal sendast elektronisk og innan fristen via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. Søknaden skal innehalde:
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format.
Aktuelle kandidatar vil bli inviterte til intervju og eventuelt prøveforelesing.
Vi gjer oppmerksam på at søknadene vert vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Ann-Kristin Helland Gujord, per e-post ann-kristin.gujord@uib.no
Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Tittel
Universitetslektor II i norsk som andrespråk
Oppstart
Type engasjement
Åremål
Sektor
Offentlig
Omfang
Deltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson
Om stillingen

Rapporter feilTittel
Universitetslektor II i norsk som andrespråk
Oppstart
Type engasjement
Åremål
Sektor
Offentlig
Omfang
Deltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson
Relaterte stillinger

BERGEN
3 dager siden