Jobb i barnehage - open søknad
Oppveksteininga
NORHEIMSUND, 5600 KVAM
13. juni 2024
Om stillingen
Har du lyst å vera med å skapa gode barndomsminne og livsglede for barnehagebarn i Kvam?
Barnehagane i Kvam har kontinuerleg behov for vikarar og me treng deg med på laget vårt.
Registrer søknad og CV her ved å velja "Søk på stillinga". Ta kontakt med vikarkoordinator dersom du treng rettleiing.
Denne annonsa gjeld søknad om arbeid som vikar i barnehageåret 2024/2025. Søknadane vil verta behandla fortløpande og søkjarlista til stillingsannonsa vert nytta som vikarliste til barnehagane våre. Du vil bli kontakta av vikarkoordinator dersom du vekkjer vår interesse og me ser deg som ein aktuell vikar.
Ledige vikariat og faste stillingar vert utlyst på heimesida vår og dei må du søkja på særskilt.
Vil du vita meir om barnehagane i Kvam herad eller ynskjer å ta direkte kontakt med barnehagestyrar, sjå informasjon på https://www.kvam.no/tenester/barn-ungdom-og-familie/barnehage/
Ved nytilsetjing vert det stilt krav om politiattest utan merknader, jfr. Barnehagelova §19,. Denne skal ikkje leggjast ved søknaden. Politiattesten må vera av nyare dato, og ikkje eldre en 3 månader.
Om bedriften
Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av regionsenteret vårt Norheimsund.
Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.
Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir
Tittel
Jobb i barnehage - open søknad
Oppstart
Ikke oppgitt
Type engasjement
Vikariat
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger

Relaterte stillinger
Jobb i barnehage - open søknad
Oppveksteininga
NORHEIMSUND
13. juni 2024