Internasjonal koordinator (førstekonsulent)
NHH Norwegian School of Economics
Helleveien 30, 5045 BERGEN
14. august 2025
kr 250 - 269
Per time
kr 43 333 - 46 667
Per måned
kr 520 000 - 560 000
Per år
Oppsummert av KI
Rapporter feilOm stillingen
Om stillinga og seksjonen
Er du engasjert, strukturert og glad i å jobbe i eit internasjonalt miljø? Då kan dette vere stillinga for deg! Vi ser etter deg som vil bidra til å gi studentar internasjonale moglegheiter og som trivst med ein variert og travel kvardag.
NHH har ledig eit vikariat i 100 prosent som førstekonsulent frå 1. desember 2025 til 1. september 2026 med moglegheit for forlenging.
Som internasjonal koordinator ved NHH blir du ein nøkkelperson i arbeidet med å organisere og drifte høgskulen sine utvekslingsprogram. Du får jobbe tett med studentar og samarbeidspartnarar over heile verda – og vere med på å vidareutvikle NHH si rolle som leiande på studentmobilitet i Norge.
Stillinga er plassert i Seksjon for internasjonale relasjonar, som er ein del av Studieadministrativ avdeling. Arbeidsmiljøet er prega av samarbeid, godt humør og ein vilje til å tenke nytt. Du vil få kollegaer som deler kunnskap og erfaringar.
Hovudoppgåver
- sakshandsame og administrere høgskulen sine utvekslingsprogram og internasjonale utdanningstilbod
- rettleie og rådgje studentar som søkjer utveksling
- Informere om og kommunisere ut høgskulen sine internasjonale utdanningstilbod
- forvalte og administrere utvekslingsavtalar og kvalitetssikre avtaleportefølje
- delta i andre arbeidsoppgåver på seksjonen ved behov
Du må rekne med endringar i arbeidsoppgåvene over tid.
Kvalifikasjonskrav
- relevant høgare utdanning, minimum tilsvarande bachelorgrad (relevant realkompetanse kan i nokon tilfelle erstatte utdanningskravet)
- god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk
- gode ferdigheiter med bruk av digitale verktøy
Det er ein føremon at du har
- internasjonal erfaring i form av arbeids- og/eller studieopphald i utlandet
- sakshandsamarkompetanse
- erfaring frå førstelineteneste/service
- språkkunnskapar i andre framandspråk
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som har evne til
- å jobbe strukturert og nøyaktig
- å meistre høgt tempo og knappe fristar
- å jobbe sjølvstendig så vel som i team
- å opptre serviceinnstilt og imøtekomande
- å vere utviklingsorientert og initiativrik
NHH tilbyr
- jobb i ein organisasjon som utfører spennande og samfunnsnyttige oppgåver
- varierte oppgåver og utfordringar
- eit triveleg og stimulerande arbeidsmiljø med gode kollegaer
- fleksibel arbeidstidsordning og inkluderande arbeidsliv
- gode forsikrings-, pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse (www.spk.no)
- velferdsgode som subsidiert trening ved Sammen og bedriftshytte
Stillinga har kode 1408 - førstekonsulent og er lønna med kr. 520 000 til kr 560 000 per år avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn bli vurdert. Eit innskot på to prosent til Statens pensjonskasse blir trekt frå lønna.
Generell informasjon
NHH legg vekt på mangfald. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte om å søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å bli unnateken frå søkjarlista. Søkjarar vil bli informerte om dette på førehand.
Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med seksjonsleiar Astrid Foldal, astrid.foldal@nhh.no tlf. 55 95 96 88.
Søknadsfrist 31.08.2025.
Søknad, CV, vitnemål og attester sendast elektronisk via Jobbnorge.
Om bedriften
NHH Norwegian School of Economics is one of the leading business schools in Europe. We have an internationally recognised research environment and collaborate with 195 universities and business schools worldwide. NHH is the first choice for students who want to study business administration in Norway. Our activities are characterised by high quality, strong ethical standards, and a collective drive for common goals.
In close partnership with the business community and society, we generate and disseminate new knowledge and create value for a sustainable future. NHH is located in the city of Bergen and has around 3,750 students and 455 employees.
Tittel
Internasjonal koordinator (førstekonsulent)
Oppstart
Type engasjement
Vikariat
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Sjekk lønna di!
Om stillingen

Rapporter feilTittel
Internasjonal koordinator (førstekonsulent)
Oppstart
Type engasjement
Vikariat
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Sjekk lønna di!
Relaterte stillinger