ID 2321 Helsefagarbeidar i døgnturnus - Eining for habilitering
Stord Kommune
, STORD
Over en måned siden
Om stillingen
Avdeling Kjøtteinsvegen/Valvatna yter tenester til vaksne menneske med funksjonsnedsetting. Me er organisert i Eining for Habilitering, som har hovudkontor på Leirvik. Avdelinga har to basar, ein i Kjøtteinsvegen og ein på Valvatna.
Me er ei mangfaldig personalgruppe som trivst godt i saman. Me ynskjer medarbeidarar som kan jobba sjølvstendig og i team, har arbeidsglede, likar utfordringar og har evne til å vera løysingsorientert. Du er fagleg trygg og kan ta ansvar i avdelinga. Du har godt humør og evne til å motivera og engasjera, og du har gode samarbeidsevner. Du er positiv, initiativrik og strukturert.
Det er ledig fast 100 % stilling som helsefagarbeidar.
Stillinga har døgnvakter og arbeid kvar 4 helg. Stillinga er ledig frå dags dato.
FAGARBEIDAR HAR ANSVAR FOR:
Rettleia anna personale i faglege og etiske spørsmål
Følgja opp primærkontaktoppgåver
Utføra og ha kompetanse om aktuelle tvangsvedtak etter gjeldande lovverk
Motivera og rettleia vikarar og nye tilsette
Planlegga, gjennomføra og vurdera førebyggande og rehabiliterande pleie- og omsorgstiltak
Planlegga og gjennomføra aktivitetar i dagleglivet tilpassa brukaren sitt funksjonsnivå
Observera og rapportera den enkelte brukar sitt heilskaplege behov
Utføra og følgja opp andre tildelte oppgåver
Avdelingsleiar kan delegere andre oppgåver
Kvalifikasjonskrav:
Autorisert helsefagarbeidar. Andre søkjarar kan bli vurdert dersom ein har relevant erfaring.
Erfaring frå å jobba med brukargruppa. Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt ved tilsetting.
Førarkort klasse B
God fysisk og psykisk helse
God norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg, er eit krav
Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting.
Me kan tilby:
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
Godt arbeidsmiljø
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Avdelingsleiar Elin Maria Aasheim, tlf 990 47 658 eller assisterande avdelingsleiar Martha Kristine Kjeka, tlf 90095460
Om bedriften
Stord er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar "ein liten by for det heilt store".
Kommunen ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er regionsenter i Sunnhordland. Me har høge ambisjonar som ein attraktiv og klimavenleg vekstkommune, og arbeider under visjonen "Saman om utvikling og velferd".
Tittel
Helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeider, assistent
Oppstart
Etter avtale
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson

Relaterte stillinger