Me søkjer barne- og ungdomsarbeidar/assistentar til den kjekkaste barnehagen på Stord
Sævarhagen FUS barnehage as
Sævarhagen 47, 5416 STORD
1. oktober 2025
Om stillingen
Sævarhagen FUS barnehage ligg vakkert til ved Hystadmarkjo på Leirvik, med utsikt utover sjøen og Langenuen. Me er lærarutdanningsbarnehage og samarbeider tett med HVL om studentar og forskings- og utviklingsarbeid. Me vert jevnleg invitert inn på campus på studentframsyningar, noko me syns er veldig kjekt! Satsingsområda våre er friluftsliv, nærmiljø og magiske opplevingar. I dette arbeidet nyttar me oss av prosjektarbeid som metode, der barna sine stemmer er viktige bidragsytarar. Me har vasstilvenning i basseng for 4-års gruppa, og vasstilvenning i sjø/coastering for 5-års gruppa. Me har kokk, minibuss og båt som vert aktivt brukt av barnegruppene.
Frå desember tek me inn nye barn, og me har difor ledige stillingar som barne- og ungdomsarbeidar/assistent i perioden 15.12.25-14.08.26, tidlegare oppstart kan bli aktuellt.
Me har og kontinuerleg behov for ringevikarar.
Spesifiser gjerne i søknaden kva du søkjer på.
Søknadsfrist: Snarast og innan 13.oktober 2025.
Me veit at tida i barnehagen har stor innverknad på helse, utvikling og læring, og me har difor forventningar til våre medarbeidarar.
Kjenner du deg igjen?
Er du involvert? Engasjerer du deg, får du ting til å skje og støttar du andre? Samarbeider du med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærlig og tydeleg måte?
Verdset du kunnskap? Er du trygg på eigen kompetanse og erfaring? Søkjer du fagleg råd og rettleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andre sin kunnskap og lærer du av andre?
Er du reflektert? Er du bevisst di rolle som vaksen og barnet si rolle? Evnar du å sjå deg sjølv og utfordrande kvardagssituasjonar i eit breidt perspektiv? Finn du løysingar på utfordingar?
Ja? Då er du FUS!
Me tilbyr:
- Få glede deg i leik med barna inne og ute, kvar einaste dag!
- Få bidra i arbeidet med å utvikla barnehagen
- Få bidra med dine talenter til å gje barna ei oppleving av meistring og glede
- Opplæring gjennom FUS skulen
- Godt samarbeid med andre FUS barnehagar i eit av dei største private barnehagenettverka i Noreg
- Ordna tilsettingsforhold gjennom FUS tariffavtale
- Eigne FUS klede
Me ønskjer at du:
- Er involvert, verdset kunnskap og er reflektert; FUS
- Er ein god rollemodell for barna
- Likar å vere ute, leike og vere på tur med barn
- Har gode samarbeidsevner
- Er god på å bygge relasjonar
- Erfaring frå arbeid i barnehage er ein fordel
Søkjarar vil bli vurdert i forhold til personleg eigenskapar, i tillegg til kompetanse og erfaring. FUS har eit mål om å vere ein barnehage prega av mangfald - me ønskjer difor også at menn skal søkje på denne stillinga.
Tilsettinga krev godkjend politiattest med heimel i barnehagelova som må leverast før eventuell tilsetting i stillinga.
Ta gjerne kontakt om du ønsker meir informasjon om stillingane.
Kontaktperson
Oppstart
15.12.25
Type engasjement
Vikariat
Sektor
Privat
Omfang
Heltid
Antall stillinger
2
Kontaktperson
Sjekk lønna di!

Relaterte stillinger