Psykologspesialist
Kronstad distriktspsykiatriske senter, Helse Bergen HF
Fjøsangerveien 36, 5053 BERGEN
11. desember 2024
Om stillingen
Kronstad Distriktpsykiatrisk Senter (DPS) held til ved Danmarksplass. Kronstad DPS er i utvikling, og vi er heile tida opptatt av å tilpasse oss dei
endringar vi ser i behova retta mot oss. Vi har oppretta eit fagteam for
spiseforstyrringar, og eit fagteam for nevroutviklingsfortyrringar. Vi har etablert eit FACT Allmennteam som første i vår region, og vi har eit Tidleg Avklaringsteam som har
spesialistar i front for vurdering av kompliserte eller uklare tilvisingar.
Kronstad DPS er delt inn i fleire seksjonar, herunder to store
allmennpoliklinikkar som har ansvar for bydelane Bergenhus, Årstad og
Ytrebygda. Poliklinikkane er bemanna med god fagleg breidde, der
overlegar, psykologspesialistar og psykologar, psykiatriske sjukepleiarar og
sosionomar inngår. Vi har også jobbspesialistar frå NAV tilknytta
poliklinikkane. I tillegg har vi jamnleg både legar i spesialisering og
psykologstudentar i praksis.
Kronstad Allmennpoliklinikk 1 har ei ledig stilling for psykologspesialist!
Poliklinikkane har fleire medarbeidarar med fordjuping og spisskompetanse innan
mellom anna psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, sensorimotorisk terapi,
emosjonsfokusert terapi, m.m, i tillegg til at fleire medarbeidarar har
vidareutdanning innan andre spesifikke utgreiings- og behandlingsmetodar.
Poliklinikken har òg fleire tilsette med forskingskompetanse. Totalt
treng vi kompetanse for å greie ut og behandle ein pasientpopulasjon med
varierte vanskar; traume, autismespekter forstyrringar, ADHD, angst, depresjon,
alvorlege affektive lidingar, personlegdoms-utfordringar m.m.
Som eit ledd i å forbetre tenestene våre, og samtidig forbetre kvardagen for den einskilde behandlar, har vi ved Kronstad DPS innført "Ny
poliklinisk kvardag". Dette inneber mellom anna at alle behandlarar har
ein dag i veka som kan nyttast til arbeid som ikkje inneber direkte
pasientkontakt.
Vidare har alle spesialistar ein dag avsett for å vere
tilgjengelege for ikkje-spesialistane når det til dømes er nødvendig med
drøftingar, felles konsultasjonar med pasientar eller anna arbeid som er nødvendig å bidra inn i med spesialistkompetanse. I 2025 startar vi også opp med eit systematisk opplæringsprogram spesielt retta mot medarbeidarar som ikkje er spesialistar. Dette programmet
har som føremon å sørge for at alle har tilstrekkeleg kunnskap til å utføre
arbeidet i poliklinikkane i tråd med gjeldane lovar og regelverk, og samstundes
bidra til å kontinuerleg auke kompetansen vi sit med kvar for oss og saman. Som
psykologspesialist i poliklinikk vil du også få oppgåver knytta til dette
opplæringsprogrammet og såleis vere ein verdfull bidragsytar til at vi aukar
kvaliteten på tenestene våre.
Stillinga
er ledig etter nærare avtale.
Du kan bli bede om å framlegge godkjende kopiar av vitnemål, autorisasjon og kursbevis.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Tittel
Psykologspesialist
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson

Relaterte stillinger

BERGEN
11. desember 2024