Lærarar - Ytre Arna skule
Ytre Arna skule, Bergen kommune
YTRE ARNA, 5265 BERGEN
To måneder siden
Om stillingen
Vil du bli med oss i team YA neste skuleår? Vi har ledig inntil 1 fast stilling og 2 årsvikariater frå 01.08.25.
Ytre Arna skule er ein barneskule i Arna bydel, og er kun ein kort køyretur unna både Åsane senter og Øyrane torg. Vi har 50 tilsette og om lag 230 elevar, og vi har velkomstklasse for nykomne minoritetsspråklege elevar på 3.-7. steget frå Arna og Åsane. 10 morsmålslærarar har base hos oss, og både tilsette og elevar på YA har eit mangfald av ressursar.
Skulen sin visjon er: «Trivsel, tryggleik og læring for alle». Satsing på god læring og arbeid for eit trygt og inkluderande miljø for elevar og tilsette blir sterkt vektlagt i skulen og i SFO. Vi ynskjer å lytte til elevane og møte kvarandre med varme, for å gjere læringsarenaene trygge og skape eit godt og lærande skulemiljø. På YA skal både elevar og tilsette oppleve medverking, motivasjon og mestring.
Hos oss blir du del av eit raust og inkluderande personalet, som er opptatt av å gjere kvarandre gode og å utvikle seg saman i profesjonsfellesskapet.
Skulen sitt leiarteam består av rektor og tre avdelingsleiarar, som har nært samarbeid og tett oppfølging av alle våre tilsette.
Skulen har nynorsk og bokmål som opplæringsmål.
Dei ledige stillingane skal dekke alle fag på barneskulen. Kontaktlæraransvar kan bli aktuelt for ein eller fleire av stillingane.
Vi er opptekne av å rekruttere medarbeidarar som vil passe inn i vårt verdigrunnlag og vår kontekst, og legg difor stor vekt på personlege eigenskapar.
Om bedriften
Tittel
Lærarar - Ytre Arna skule
Oppstart
2025-08-01
Type engasjement
Vikariat
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
3
Kontaktperson

Relaterte stillinger
Lærarar - Ytre Arna skule
Ytre Arna skule, Bergen kommune
YTRE ARNA
To måneder siden