Psykolog/ psykologspesialist
Ambulante tenester psykisk helse DPS Volda (Akutt oppf. team), Helse Møre og Romsdal HF
Hamnegata 20, 6100 VOLDA
Over en måned siden
Om stillingen
Det er ledig 100 % fast stilling som psykolog/psykologspesialist ved DPS Volda ambulant seksjon.
DPS Volda ambulant seksjon er ein av tre seksjonar underlagt DPS Volda. Ambulant seksjon arbeider med tverrfagleg heimebehandling og utgreiing til pasientar som er over 18 år. Seksjonen består i dag av eit ambulant akutteam, eit ambulant allmenteam og eit ACT-team. Pasientopptaksområdet er søre Sunnmøre. Seksjonen har kontorlokale i Volda sentrum.
Denne stillinga er knytt til Allmennteamet og ACT;
ACT er eit tverrfagleg team med psykiater, spesialsjukepleiarar, sosionom og ergoterapeut med vidareutdanning. ACT reiser heim til pasientane og har fokus på eit heilskapleg behandlingstilbod. Teamet nyttar i hovudsak ei recoveryorientert tilnærming over lang tid, ofte fleire år. Det er fokus på psykisk og somatisk helse, økonomi, bustad, kosthald, nettverk, ADL fungering m.m. ACT ynskjer å koordinere tenestene rundt pasientane og vere ein del av eventuelle ansvarsgrupper. Behandlingskontakta med pasientane skjer der pasienten oppheld seg.
Ambulant allmennteam tilbyr heimebehandling til menneske som av ulike grunnar ikkje kan kome seg til poliklinikken for medisinvurdering, behandling og utgreiing. Ein tilbyr også behandling til nyleg utskrivne pasientar som treng vidare behandling når dei kjem heim eller heimebehandling som alternativ til lengre innlegging i døgnavdeling. Teamet deltek også i samarbeid om alvorleg sjuke/kroniske pasientar og TUD-pasientar (tvungent vedtak utan døgnopphald) i kommunen.
Teama er tverrfagleg samansett med psykiater, sosionom, vernepleiar, sjukepleiar mfl.
Ver venleg å legge ved dine attestar og vitnemål til søknaden.
Personleg eignaheit vert tillagt stor vekt
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her. - Og her
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Tittel
Psykolog / psykologspesialist
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson

Relaterte stillinger

VOLDA
Over en måned siden