ID 2290 Assisterande avdelingsleiar - Førebyggjande tenester
Stord kommune
, STORD
To måneder siden
Om stillingen
Har du lyst å gjera ein skilnad i barn og unge sine liv? Då er dette stillinga for deg -- bli med på laget vårt!
Sævarhagen avlastingsbustad gir tilbod til barn og unge med ulike funksjonsnedsetjingar. Brukarane mottek tenester etter individuelle vedtak etter Helse-- og omsorgstenestelova. Arbeidet består i å skapa gode dagar gjennom eit fagleg og systematisk arbeid med kvart einskild barn og ungdom i samråd med føresette, ulike andre aktørar og ikkje minst dine gode kollega. Me har nye, flotte fasilitetar i Sævarhagen på Stord.
**Me har ledig vikariat som assisterande avdelingsleiar i 100% stilling frå 01.05.2025 og til 30.06.2026.**Stillinga er i todelt turnus, arbeid 4. kvar helg
Me ynskjer deg som:
Har høgt engasjement for barn og unge, og gjerne erfaring med brukargruppa
Har stor arbeidskapasitet og er fleksibel
Vil vera med å ta ansvar og ha ulike koordinatoroppgåver for våre barn og ungdommar
Som lyttar til barnet/ungdommen sin kommunikasjon med respekt og vil samhandla med barnet/ ungdommen til å løysa ulike oppgåver og utfordringar saman
Som likar å vera ein lagspelar og arbeida systematisk saman med resten av laget rundt barnet
Kvalifikasjonskrav:
Norsk autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar, evt miljøterapeut eller relevant helse- eller sosialfagleg høgskuleutdanning
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Ein må framlegge godkjent politiattest av ny dato ved tilsetjing.
Me kan tilby:
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
Godt arbeidsmiljø
Moglegheita til å vera med å forma framtida sitt avlastningstilbod i Stord kommune
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktpersonar:
Konstituert avdelingsleiar Elin Maria Aasheim, tlf 99047658 eller assisterande avdelingsleiar Vilde Toft tlf 91398279
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Tittel
Assisterende avdelingsleder
Oppstart
Etter avtale
Type engasjement
Vikariat
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson

Relaterte stillinger
SK