Helsefagarbeidar ved Vik sjukeheim - vikariat
Vik kommune - Vik sjukeheim
Fjordavegen 1, 6893 VIK
4. august 2025
VK
Helsefagarbeidar ved Vik sjukeheim - vikariat
Vik kommune - Vik sjukeheim
VIK I SOGN
4. august 2025
Om stillingen
Me har ledig
100% vikariat som helsefagarbeidar ved Vik helse- og omsorgssenter. Vikariatet er turnusarbeid med dag-/seinvakter og langvakter kvar 4. helg. Ved ynskje om normalvakter på helg vert det arbeid i gjennomsnitt kvar 3. helg.
Stillinga er ledig frå 01.10.25 og i eitt år, med mogelegheit for oppstart før om det er aktuelt.
Om arbeidsstaden
Kommunen er liten men tenkjer stort, og sjukeheimen er lokalisert i nye, moderne lokale. I tilknyting til sjukeheimen har ein også lokale til heimetenester, psykiatri, institusjonskjøkken, dagtilbod, rehabilitering og omsorgsbustader. VHO er inne i siste byggetrinn, og sjukeheimen har i denne perioden 12 plassar særleg tilrettelagt for somatisk sjuke, 12 plassar særleg tilrettelagt for pasientar med demens, og eitt KAD-rom. Frå om lag mai 2026 står alt ferdig, og sjukeheimen er då samlokalisert med 12 plassar særleg tilrettelagt for somatisk sjuke og 18 plassar særleg tilrettelagt for pasientar med demens, fordelt på grupper på 6 pr gruppe.
Er du oppteken av faget ditt og har ynskje om fagleg og personleg utvikling, ynskjer me at du kjem og arbeidar saman med oss i vakre Vik kommune sine helse- og velferdstenester.
Vik helse og omsorgssenter, sjukeheim yter tenester til alle typar pasientgrupper, og jobbar mellom anna med demensomsorg, rehabilitering og avlastning, samt behandlingar retta mot kroniske, somatiske tilstandar. Me har eitt KAD-rom, og eitt rom særleg tiltenkt lindrande behandling. Me jobbar med alle typar sjukepleiefaglege prosedyrar, og gir både avansert lindrande behandling, intravenøse behandlingar, sårbehandlingar, og mykje meir. Det er tett samarbeid mellom sjukeheim, heimetenestene, psykiatri/rus og rehabiliteringsavdeling. Me har tilsynslege i 1,5 dag per veke på sjukeheimen.
Me tilbyr
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Andre opplysningar
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring må leggast ved søknaden.
Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.
Om bedriften
Oppstart
Type engasjement
Vikariat
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Nysgjerrig på om du tjener rett?
Med Lønnas lønnskalkulator kan du enkelt sammenligne lønnsnivået ditt.

Relaterte stillinger
Om bedriften
Kontaktperson
Kontaktperson