Ledig fast stilling som kjøkkenassistent
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter As
Hauglandsvegen 309, 6968 FJALER
17. januar 2025
Om stillingen
Dersom du ynskjer å jobbe i eit godt arbeidsmiljø med kollegaer som lagar mat av høg kvalitet, har vi ledig ei fast stilling som kjøkkenassistent i 50 % fast stilling
Gjerne har erfaring frå arbeid på kjøkken, eller trivast med å jobbe på eit kjøkken
Samarbeidar godt med andre.
Er serviceinnstilt og løysingsorientert
Du må beherske norsk munnleg og kunne lese norsk.
Som kjøkkenassistent skal ein bistå kokk og andre tilsette ved kjøkkenet med tilbereding av mat til pasientar, tilsette og besøkande ved senteret.
Andre oppgåver vil vere rydding, oppvask, reinhald på kjøkken og i matsal.
Godt arbeidsmiljø
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Gode velferdsords-, lønn- og pensjonsordningar
Tilgang til bruk av fasilitetar som basseng, kajakk og kano
Om bedriften
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Senteret gir tilbod til pasientar med behov for intensiv, tverrfagleg rehabilitering i spesialisthelsetenesta. Verdiane vi jobbar etter er respekt og likeverd, og vi er opptatt av å ha eit ressursfokus i tilnærminga til pasientane.
Vi held til i Flekke i Fjaler, om lag 15 mil nord for Bergen. Det kort veg til skule/barnehage og butikk. Vi er samlokalisert og samarbeider med den internasjonale skulen UWC Røde Kors Nordisk. og elevane representerer eit stort mangfald på campus. Senteret ligg flott til ved fjorden som aktivt vert nytta i rehabiliteringa.Som tilsett har du tilgang til senteret sine treningsfasilitetar både inne og ute.
Tittel
Kjøkkenassistent
Oppstart
2025-04-01
Type engasjement
Fast
Sektor
Privat
Omfang
Deltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson

Relaterte stillinger

FLEKKE
17. januar 2025