Psykologspesialist/psykolog
Døgnbehandling psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Hagan 9, 6516 KRISTIANSUND
To måneder siden
Om stillingen
Vil du vere med på laget vårt?
Vi har eit breitt og godt fagmiljø, vi er også ein sosial gjeng der tilsette tar initiativ til sosiale aktiviteter både felles og innad i teama.
Vi har no behov for psykologspesialister/psykologer, og vi gir rekrutteringstillegg for både psykologspesialistar og psykologar.
Poliklinikken tilbyr utgreiing og behandling til personar som har moderate til alvorlege psykiske lidingar. Behandlinga kan vere ulike former for samtaleterapi individuelt eller i grupper, og eventuelt medikamentell behandling. Poliklinikken har mellom anna kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, EMDR behandling, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling. Vi har også ein pilot på bruk av Noteless, og vi jobbar aktivt med å implementere kunstig intelligens (KI)-basert støtte til journalskriving for alle våre behandlere, for å effektivisere arbeidsprosesser og legge til rette for god dokumentasjon.
Poliklinikken har også behov for å videreutvikle sin kompetanse på fleire andre områder. For tida er aktuelle satsningsområde videreutvikling av kompetanse på psykoselidingar, traumelidingar, spiseforstyrring og behandling av samansette rus og psykiske lidingar (ROP). Det er ønskjeleg med kompetanse innanfor disse områdane, men dersom ein ikkje har spesifikk kompetanse innanfor desse, vil det leggjast til rette for kompetanseheving. Kompetanse på behandling av andre lidingar innen psykisk helsevern er også ønskjeleg.
Poliklinikken har i dag 54,5 stillingar og er ein almennpsykiatrisk poliklinikk. Av dette er det 13,5 stillingar for psykologspesialist. Vi har organisert verksemda i fleire ulike team. Desse er eit almenpsykiatrisk team, eit oppfølgingsteam, eit ROP team og eit avklaring- og utgreiingsteam. I tillegg har vi eit ambulant akutteam og eit FACT-team. Begge desse er lokalisert utanfor poliklinikken.
Vi ønskjer å gå i dialog med dei som vert tilsett i forhold til deira sine preferansar om teamtilknyting, og hvilke fagområde ein ønskjer å jobbe vidare med. Vi er ein poliklinikk i endring, og du vil med å jobbe her få store mogelegheiter for å vere med å vidareutvikle det polikliniske tilbodet.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Området har mye natur å by på, varierte turmuligheter i både skog, fjell og fjord. Her er det gode miljø innenfor klatring og friluftsliv og det er nylig etablert et innendørs klatresenter. Like utanfor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen, samt hurtigbåt med fleire daglege avgangar til Trondheim. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Om bedriften
Tittel
Psykologspesialist/psykolog
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
2
Kontaktperson

Relaterte stillinger

KRISTIANSUND N
To måneder siden