Ledige faste stillingar som helsefagarbeidar
Post 2 Sør
Leirdalen 25, 5430 BØMLO
To uker siden
Om stillingen
Er du ein engasjert og omsorgsfull helsefagarbeidar som ønskjer å bidra til eit trygt og godt miljø for både pasientar og kollegaer? Då vil me gjerne høyre frå deg!
Bømlo bu- og helsesenter har fleire ledige faste stillingar i 60–100 % stillingsbrøk ved Post 2 Sør. Avdelinga har 25 langtidsplassar og skal i ein periode også ha ansvar for drift av Gul avdeling som inneber midlertidige plassar. Me tilbyr årsturnus med arbeid kvar 3. helg, og oppstart etter avtale.
Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Andre opplysningar
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Chatrin P. Risøy.
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Tittel
Helsefagarbeidar
Oppstart
2025-08-11
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Deltid
Antall stillinger
3
Kontaktperson

Relaterte stillinger

BREMNES
To uker siden