Lærar
Søvik barneskule, Haram kommune
Vollane 25, 6280 HARAM
14. august 2025
Om stillingen
Søvik skule er ein barneskule med ca 100 elevar. Skulen ligg midt mellom fjell og fjøre i industribygda Søvik. Vi er ein veldreven skule med flotte lokalitetar og godt arbeidsmiljø. Vi har no ledig ei 100% stilling som lærar, då ein av våre tilsette gjennom mange år har søkt nye utfordringar. Vi ønsker oppstart så snart som mogleg i løpet av hausten. Ta kontakt med rektor for nærare informasjon om stillinga.
Er du ein engasjert lærar som trivst med dei yngste elevane og ser verdien av leik i læringa?
Vi søkjer ein trygg og engasjert lærar til undervisning på 1.–4. trinn. Du vil få arbeide med begynnaropplæring og bruke leik som ein naturleg del av kvardagen. Hos oss møter du eit godt arbeidsmiljø, fagleg samarbeid og høve til å bidra i eit inkluderande og utviklingsorientert skulefellesskap – der både små og store steg blir verdsett.
I Haram kommune er vi opptekne av gode og heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver:
Vi ser etter deg som:
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Relaterte stillinger
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Tittel
Lærar
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1

Kontaktperson