Strategisk innkjøpar Leikanger
KFO - Ikkje offentleg arkiv, Vestland fylkeskommune
Askedalen 2, 6863 SOGNDAL
22. mai 2025
K-
Strategisk innkjøpar Leikanger
KFO - Ikkje offentleg arkiv, Vestland fylkeskommune
LEIKANGER
22. mai 2025
Om stillingen
Vestland fylkeskommune er mellom dei største offentlege oppdragsgjevarane i regionen, og søkjer strategisk innkjøpar til innkjøpsseksjonen. Kontorstad for denne stillinga er Leikanger.
Innkjøpsseksjonen har ansvar for samordning, oppfølging og utvikling av innkjøpsområdet i fylkeskommunen. I tillegg har seksjonen ansvar for tilrettelegging og bruk av IKT-verktøy i samband med innkjøpsverksemda. Seksjonen har totalt 20 medarbeidarar og er organisert i ei eining for operativt innkjøp, ei for strategisk innkjøp og ei for avtaleforvaltning. 15 av medarbeidarane har kontorplass i Vestlandshuset i Bergen sentrum og 5 har kontorplass i Leikanger, ein liten halvtime frå Sogndal med bil eller buss.
Eining for strategisk innkjøp arbeider primært med etablering og administrasjon av rammeavtalar, og gjennomføring av større
einskildkjøp der beløpet er over 1,3 MNOK. Rådgjeving og leverandørutvikling er
òg sentrale oppgåver. Eining for strategisk innkjøp har totalt 11
medarbeidarar.
Innkjøpsseksjonen har nyleg etablert ei gruppe som skal drive avtaleforvaltning og -oppfølging, og strategisk innkjøpar skal saman med avtaleforvaltar sikre ein god overføringsprosess når kontrakten skal gå frå anskaffing til forvaltning.
Vi søkjer primært deg som har jobberfaring frå innkjøp eller prosjektleiing, gjerne i offentleg sektor. Vi vil vurdere innkomne søknader og kan også tilsette nyutdanna. Utdanning og jobberfaring vil avgjere om søkjar blir innplassert som rådgjevar eller spesialkonsulent. Det må av fram av søknad om ein søkjer på stilling som rådgjevar eller spesialkonsulent.
Vestland fylkeskommune har ein politisk vedteken innkjøpsstrategi der m.a. sosialt ansvar, løns- og arbeidsvilkår,
seriøsitetskrav, miljøvennlege og bærekraftige innkjøp, leverandøroppfølging,
forhandlingar, kategoristyring, behovsanalysar, bruk av balanserte
standardavtalar og personvern vert sett på som viktige element. Erfaring frå
eitt eller fleire av desse områda vert sett på som positivt.
Utdanning:
Jobberfaring:
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Tittel
Strategisk innkjøpar Leikanger
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Nysgjerrig på om du tjener rett?
Med Lønnas lønnskalkulator kan du enkelt sammenligne lønnsnivået ditt.
Om stillingen
Vestland fylkeskommune er mellom dei største offentlege oppdragsgjevarane i regionen, og søkjer strategisk innkjøpar til innkjøpsseksjonen. Kontorstad for denne stillinga er Leikanger.
Innkjøpsseksjonen har ansvar for samordning, oppfølging og utvikling av innkjøpsområdet i fylkeskommunen. I tillegg har seksjonen ansvar for tilrettelegging og bruk av IKT-verktøy i samband med innkjøpsverksemda. Seksjonen har totalt 20 medarbeidarar og er organisert i ei eining for operativt innkjøp, ei for strategisk innkjøp og ei for avtaleforvaltning. 15 av medarbeidarane har kontorplass i Vestlandshuset i Bergen sentrum og 5 har kontorplass i Leikanger, ein liten halvtime frå Sogndal med bil eller buss.
Eining for strategisk innkjøp arbeider primært med etablering og administrasjon av rammeavtalar, og gjennomføring av større
einskildkjøp der beløpet er over 1,3 MNOK. Rådgjeving og leverandørutvikling er
òg sentrale oppgåver. Eining for strategisk innkjøp har totalt 11
medarbeidarar.
Innkjøpsseksjonen har nyleg etablert ei gruppe som skal drive avtaleforvaltning og -oppfølging, og strategisk innkjøpar skal saman med avtaleforvaltar sikre ein god overføringsprosess når kontrakten skal gå frå anskaffing til forvaltning.
Vi søkjer primært deg som har jobberfaring frå innkjøp eller prosjektleiing, gjerne i offentleg sektor. Vi vil vurdere innkomne søknader og kan også tilsette nyutdanna. Utdanning og jobberfaring vil avgjere om søkjar blir innplassert som rådgjevar eller spesialkonsulent. Det må av fram av søknad om ein søkjer på stilling som rådgjevar eller spesialkonsulent.
Vestland fylkeskommune har ein politisk vedteken innkjøpsstrategi der m.a. sosialt ansvar, løns- og arbeidsvilkår,
seriøsitetskrav, miljøvennlege og bærekraftige innkjøp, leverandøroppfølging,
forhandlingar, kategoristyring, behovsanalysar, bruk av balanserte
standardavtalar og personvern vert sett på som viktige element. Erfaring frå
eitt eller fleire av desse områda vert sett på som positivt.
Utdanning:
Jobberfaring:
Relaterte stillinger

Kontaktperson
Kontaktperson