Stipendiat i anvendt og utrekningsorientert matematikk
Universitetet i Bergen
Allegaten 41, 5007 BERGEN
To måneder siden
kr 273 - 273
Per time
kr 47 392 - 47 392
Per måned
kr 568 700 - 568 700
Per år
Oppsummert av KI
Rapporter feilOm stillingen
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Matematisk institutt ved Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i anvendt og utrekningsorientert matematikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til Senteret for berekraftige undergrunnsressursar (Center for Sustainable Subsurface Resources (CSSR)), som er finansiert av Norges Forskningsråd og industripartnarar.
CSSR er eit nasjonalt forskingssenter som er dedikert til å gi ny kunnskap om undergrunnen og digitale løysingar for å drastisk redusere Noregs offshore-utslepp.
For å støtte målsetjingane til CSSR har dette prosjektet som mål å utvikle, analysere og implementere nye ikkje-lineære iterasjonsmetodar. Målet er å utnytte modellar med ulik kompleksitet; frå høgtytande databerekningar til reduserte modellar og data-drivne (maskinlærte) representasjonar. Særleg er vi interesserte i den felles bruken av slike modellar og i kva grad enklare modellar kan integrerast i fullfysikksimulering.
Kandidaten vil bidra til forskingsaktivitetane i CSSR-senteret, og særleg til arbeidspakke 4. Oppgåvene som kan forventast omfattar utvikling og analyse av ikkje-lineære og lineære løysare i samanheng med fleirmodellsanalyse og simulering av undergrunnsoperasjonar. Denne utviklinga vil byggje på eit teoretisk grunnlag frå numerisk- og funksjonalanalyse, og som eit utgangspunkt byggje på litteraturen knytt til lineær operator prekondisjonering og ikkje-lineær prekondisjoneringfor Newton-metodar. Konkrete modellproblem og numeriske døme vil bli brukt til å leie og prototype utviklinga.
Denne ph.d. stillinga er knytt til gruppa for porøse media ved Matematisk institutt ved Universitetet i Bergen. Denne gruppa har fem professorar, tre fast tilsette forskarar og normalt sett omkring 10 PhD studentar. Gruppa forskar i hovudsak utrekningsmetodar for prosessar knytt til porøse materialar, med særskild vekt på geologiske medium.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om stipendiatstillinga: Stipendperioden er på 3 år, med opning for eit 4. år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit 4. år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvara 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga: Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Jan Martin Nordbotten, Matematisk institutt, Universitetet i Bergen, e-post: jan.nordbotten@uib.no, eller Forsker Eirik Keilegavlen, Matematisk institutt, Universitet i Bergen, e-post: Eirik.Keilegavlen@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen, Universitetet i Bergen, e-post: karoline.christiansen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Tittel
Stipendiat i anvendt og utrekningsorientert matematikk
Oppstart
Type engasjement
Åremål
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson
Om stillingen

Rapporter feilTittel
Stipendiat i anvendt og utrekningsorientert matematikk
Oppstart
Type engasjement
Åremål
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson
Relaterte stillinger
UI

BERGEN
To måneder siden