Vernepleiar 100% - Prestbrekka bufellesskap
Alver kommune
Raunholmskogen 2, 5936 ALVER
21 timer siden
kr 267 - 312
Per time
kr 46 200 - 54 075
Per måned
kr 554 400 - 648 900
Per år
Oppsummert av KI
Rapporter feilOm stillingen
Om stillinga
Me søkjer ein engasjert og fagleg trygg vernepleiar til 100 % fast stilling i langvaktturnus med arbeid kvar fjerde helg. Dette er ei spanande stilling for deg som ønskjer å bruke kompetansen din og vere med på å utvikle gode, målretta og trygge tenester.
Stillinga er i hovudsak knytt til éin tenestemottakar, og me ser etter deg som har kjennskap til helse- og omsorgstenestelova kapittel 9. Du vil få ein viktig rolle i å skape føreseielege rammer, gode relasjonar og ein meiningsfull kvardag.
Sjukepleiarar kan òg bli vurderte og oppstart er etter avtale.
Om Prestbrekka bufellesskap
Prestbrekka bufellesskap ligg sentralt på Manger og er heim for ni personar med ulike bistandsbehov. Hos oss er målet å gi tenester med høg fagleg kvalitet, tilpassa den einskilde, slik at bebuarane får ein trygg, aktiv og best mogleg kvardag.
Du blir del av eit tverrfagleg arbeidsmiljø med vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar. Me legg vekt på samarbeid, fagutvikling og at medarbeidarane våre skal oppleve meistring og utvikling i jobben.
Arbeidsoppgåver
- fagutvikling, opplæring og rettleiing
- utarbeide mål, planar og tiltak
- arbeide i tråd med helse- og omsorgstenestelova kapittel 9
- leggje til rette for gode og individuelt tilpassa tenester
- sikre god dokumentasjon i tråd med gjeldande rutinar og retningslinjer
- kartleggje behov og følgje opp tiltak
- samarbeide med lege og spesialisthelsetenesta
Kompetanse
Me søkjer deg som er
- Offentleg godkjent vernepleiar. Sjukepleiar med relevant erfaring er også velkommen til å søkje
- har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- har gode datakunnskapar
- har førarkort klasse B
Det er eit føremon om du har erfaring med autisme og åtferd som utfordrar. Det er viktig at du har god fysisk helse og trivst i ein aktiv arbeidskvardag.
Kven er du?
Me trur du vil trivast hos oss dersom du:
- er fagleg engasjert og ønskjer å bidra til utvikling
- er trygg, roleg og tydeleg i møte med andre
- er løysingsorientert og strukturert
- er robust og stabil, og klarer å halde fast ved tiltak og struktur også når kvardagen er krevjande
- byggjer gode relasjonar og samarbeider godt med kollegaer og samarbeidspartnarar
- ser verdien av målretta miljøarbeid og individuelt tilpassa tenester
Me tilbyr
- kr 50 000 i rekrutteringstilskot i 100% mot signert bindingsavtale i to år
- kr 9 000 over grunnlønn i tariffavtale;
løn: 554 400 - 648 900 etter din lønsansiennitet - langvaktturnus med arbeid kvar fjerde helg
- årsturnus med moglegheit for innspel på arbeidstid
- gratis parkering
- godt fagmiljø og tett samarbeid med kompetente kollegaer
- moglegheit for fagleg og personleg utvikling
- god pensjonsordning
Om bedriften
Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.
Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.Tittel
Vernepleiar 100% langvaktsturnus
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson
Sjekk lønna di!
Om stillingen

Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.kr 267 - 312
Per time
kr 46 200 - 54 075
Per måned
kr 554 400 - 648 900
Per år
Oppsummert av KI
Rapporter feilTittel
Vernepleiar 100% langvaktsturnus
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson
Sjekk lønna di!
Relaterte stillinger