Vil du bruke din juridiske kompetanse til å styrke rettstryggleiken og berekraft i helse- og omsorgstenester?
Er du jurist med master i rettsvitskap, og vil bruke kompetansen din til å gjere kvardagen tryggare og meir rettferdig for folk flest? Hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal får du ein jobb som betyr noko – for enkeltpersonar, kommunane og for samfunnet. Vi har no ledig jobb i seksjonane helse og rettstryggleik i omsorg.
Kvifor skal du velje Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Vi kan freiste med ei stilling der du jobbar med samfunnsaktuelle saker og bidreg til å sikre kvalitet og ivaretaking av pasient- og brukarrettar i helse- og omsorgstenester. Du får jobbe tverrfagleg med kollegaer frå andre fagområde, og i eit arbeidsmiljø der du kan planlegge din eigen arbeidsdag. Vi gir rettleiing til kommunar og innbyggjarar, overprøvar vedtak om bruk av tvang, behandlar klagesaker og fører tilsyn for å sikre kvalitet og rettstryggleik. Arbeidet vårt er variert – og du får stor moglegheit til å påverke og lære. Seksjon helse og seksjon for rettstryggleik i omsorg samvirkar med sentrale myndigheiter. Du vil bli del av eit stort juridisk fagmiljø i embetet.
Arbeidsoppgåver
- Saksbehandling innan helse- og omsorgsrett.
- Rådgiving og rettleiing til kommunar, verksemd innan helse- og omsorg og innbyggjarar.
- Bidra til tilsyn og formidling av regelverk.
- Delta i utviklingsarbeid og samarbeid på tvers av fagområde.
Vi søkjer etter deg som
- har norsk master i rettsvitskap/juridisk emetseksamen
- kommuniserer godt både munnleg og skriftleg på norsk, med både offentlege instansar og brukarar
- kan arbeide systematisk og innafor gitte fristar
- liker å jobbe analytisk og sjå samanhengar
- samarbeider godt og deler kompetanse
- har erfaring frå offentleg forvaltning eller relevante fagområde, men dette er ikkje eit absolutt krav. Som nyutdanna er du også velkomen til å søkje då vi har mange erfarne juristar hos oss
- trivst med saksbehandling
Hos oss får du
- ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid
- jobbe med samfunnsaktuelle saker og bidra til rettstryggleik
- stor moglegheit for fagleg utvikling og variasjon i arbeidsoppgåver
- tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- naudsynt opplæring i aktuelt regelverk og datasystem
- løn som 1434 rådgivar/ 1364 seniorrådgivar med lønsspenn frå kr.600.000,- til kr.800.000,- . Lønsplassering ut frå kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgivar har større ansvar og særskilte krav til kompetanse innan fagområdet.
- tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid.
- medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK)
- moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg
- høve til å trene i arbeidstida
Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgivarportalen (
https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise)
Bli betre kjent med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. (
https://www.statsforvalteren.no/more-og-romsdal/.)
Som vår nye kollega vil du få ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø
Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg. Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Mangfald
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (
https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling).
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.
Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og arbeidserfaring i kandidatprofilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er nødvendig for at vi skal kunne vurdere søknadar frå deg og for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.
Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter henter du frå vitnemålsportalen om mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.
Om oss
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Karin Brigitte Müller Mikaelsen på telefon (Norge +47) 41495351.
Søknadsfrist: 13.09.2026