Sommarvert på Vågsberget
Musea I Sogn Og Fjordane Sogn Folkemuseum
Vågsberget 5, 6700 KINN
6. februar 2025
Om stillingen
Vi i Musea i Sogn og Fjordane søkjer deg som vil bruke delar av sommaren din hos oss i fantastiske omgjevnader på Vågsberget ved Måløy i Kinn kommune.
Etter ein sommar hos oss fer du rikare: Du har fått relevant arbeidserfaring, du har arbeidd saman med og blitt kjend med kjekke kollegaer, du har lært om kulturhistoria vår, du har møtt mange menneske og opplevd vestlandsnaturen i all slags vêr!
Sommaren er ei travel tid på Vågsberget, med mange besøkande som vil oppleve det vi har å by på inne og ute. Som sommarvert spelar du ei viktig rolle i sesongavviklinga, og du vil ta del i å løyse mange oppgåver på museet, både åleine og saman med andre. I 2025 ventar vi besøk av mange tyske cruise-turistar, og vi er difor særleg på jakt etter deg som kan snakke tysk.
Som sommarvert hos oss vil du ha ei vertskapsrolle der du:
Vi ser etter deg som:
Som sommarvert hos oss vil du få god opplæring både på museet, og som deltakar på eit digitalt INTRO-program for alle sommarvertar i Musea i Sogn og Fjordane. Du må derfor ha høve til å setje av tid til dette laurdag 26. april.
Arbeidet på museet følgjer vaktplan, normalt med arbeidstid mellom 11:30-17:15 torsdag til søndag i perioden 20.06.2024-18.08.2024. I tillegg vil det vere vakter i samband med cruise-anløp og arrangement til andre tider, primært i perioden mai-september.
Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar om å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Søknad registrerer du via lenke på denne sida. CV, vitnemål og attestar skal du laste opp under "Vedlegg".
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.
Nærare opplysningar får du ved å vende deg til museumsleiar, sjå kontaktinfo nedst på denne sida.
Ved spørsmål som gjeld elektronisk søknadsskjema kan du ta kontakt med Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20 eller kundeservice@jobbnorge.no kvardagar mellom 08:00-16:00.
Om bedriften
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum er eitt av landets eldste og største friluftsmuseum. Dei kulturhistoriske bygningane ligg i eit flott natur- og kulturlandskap med slåttemarker, åkrar og beiteområde.
I sommarsesongen er det høg aktivitet på museumsgarden, og husdyr som kyr, sau, gris og høner skapar liv og gjer museet til ein attraktiv besøksstad for store og små. I hovudbygningen finn du utstillingar, så vel som kafe og museumsbutikk.
Sesongmedarbeidarar blir løna som timelønstilsette i samsvar med satsar i Landsoverenskomsten (VIRKE). Kveldstillegg for vakter etter 17:00, og helgetillegg for vakter laurdag og søndag.
Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar om å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn.
Tittel
Sommarvert Vågsberget
Oppstart
Type engasjement
Sesong
Sektor
Offentlig
Omfang
Deltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson

Relaterte stillinger

MÅLØY
6. februar 2025