Miljøfagarbeidar
SLA - SLÅTTHAUG VGS, Vestland fylkeskommune
Slåtthaugvegen 134, 5222 BERGEN
To måneder siden
Om stillingen
Slåtthaug videregående skole ligg i naturskjønne omgivnader nær Nesttun sentrum. Det er kort veg til buss- og bybanestopp, og vi har Fana Arena og Slåtthaug kunstisbane rett i nærleiken. Skolen har ca. 600 elevar fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag og påbygging til generell studiekompetanse. Vi har eit mangfaldig elevmiljø og engasjerte tilsette. Her ser vi på alle utdanningsvegar som likeverdige, og er opptatte av at elevane skal oppleve trygg, aktiv læring i alle klasserom og verkstader. Vi har ei elevteneste med miljøarbeidarar, miljørettleiarar, rådgjevarar og spesialpedagogar.
Vi har ledig stilling som miljøarbeidar frå 1. august. Miljøarbeidar samarbeider med lærarane om å støtte elevar i undervisningssituasjonen, og arbeider direkte med enkeltelevar eller grupper og klassar.
Du likar å arbeide med ungdom og er ein god rollemodell.
Du har ei positiv innstilling og skaper gode relasjonar.
Du ser behova til den enkelte elev.
Du er ein god lagspelar, er god til å samarbeide og deler av kunnskapen din.
Du er praktisk og teknisk interessert, og likar å arbeide med hendene.
Du likar varierte arbeidsdagar og høgt tempo.
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Tittel
Miljøarbeidar
Oppstart
2025-08-01
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson

Relaterte stillinger
S-

NESTTUN
To måneder siden