Pedagogisk leiar
Osterøy kommune
Votlavegen 31, 5286 OSTERØY
Over en måned siden
Om stillingen
Haus barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader ved Mjeldavatnet i Haus på Osterøy berre ein 15 min køyretur frå Arna. Langs vatnet ligg barnehagen idyllisk til, og vi har ein unik moglegheit til å følge både årstider og naturens rike liv. Saman med barna opplever vi verda på nytt og det å få utforska fjæra, følge ørna som er næraste nabo, eller kjenne på korleis straumen i vatnet tar oss med på sin ferd gjennom Coasteringen, gjer nettopp vår barnehage til ein heilt unik plass å vera.
Vi har ein fin og variert leikeplass med bålhus, i tillegg til eit skogområde vi disponerer med lavvo på Åsheim. Hit går dei eldste barna regelmessig på tur. Vi ønskjer å bruke dette området i endå større grad i tida som kjem, og det er ein fordel om du er ein pedagog som set spesielt pris på friluftsliv saman med barn.
I Haus barnehage set vi det relasjonelle arbeidet høgt og praktiserer ein autoritativ vaksenrolle kor det å vere ein varm og tydeleg vaksen vert vektlagt. Vi jobbar kontinuerleg med å utvikle oss og utviklingsfokuset den siste tida har vore knytt til leik- og læringsmiljø, bevegelse, leik og utforsking samt livsmeistring og meistringstru.
Barnehagen består av to småbarnsavdelingar og to storbarnsavdelingar med til saman 64 barn og 19 tilsette.
Vi har ledig to 100% faste stillingar som pedagogisk leiar med tiltredelse 1. november, eller etter nærare avtale med leiar.
Dersom det blir aktuelt med endring av stilling internt vil det bli ledig ein barnehagelærarstilling i barnehagen.
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Om bedriften
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
Tittel
Pedagogisk leiar
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
2
Kontaktperson

Relaterte stillinger
Pedagogisk leiar
Osterøy kommune
HAUS
Over en måned siden