Er du LIS3 eller lege og vil jobbe med barne- og ungdomspsykiatri?
BUP Haugesund, Helse Fonna HF
Vinjes gate 10, 5522 HAUGESUND
Over en måned siden
Om stillingen
Er du ein entusiastisk lege som ønskjer å spesialisere deg innan barne- og ungdomspsykiatri (BUP)? Bli ein del av vårt team og bli med å forme framtida for psykiatriske tenester til barn og ungdom i Helse Fonna.
Vi har ein faste LIS3-stilling ledig med ønskje om snarleg oppstart. Er du LIS1 og ventar på plass, oppmodar vi også deg til å søkje. Søkjaren til LIS3-stillinga må ha fullført LIS1.
Hos oss i BUP finn du eit trygt og støttande fagmiljø. For tida er vi åtta overlegar og sju LIS. I tillegg har vi ein overlege med pensjonistavtale som bidreg med sin erfaring og kompetanse.
Vi tilbyr tenester på spesialistnivå til barn og unge frå 0-18 år. Opptaksområdet for poliklinikken dekkjer ti kommunar: Karmøy, Haugesund, Utsira, Sveio, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal. Vi har to poliklinikkar og ein sengepost. BUP Haugesund har akuttfunksjon og vaktteneste døgnet rundt med for- og bakvaktslegar.
BUP Haugesund er godkjend som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri. Vi har samarbeidsavtalar med både vaksenpsykiatri og pediatri, noko som gjer det mogleg å ta heile spesialiseringsløpet her i Haugesund.
Vi ser fram til å motta søknaden din og ønskjer deg velkommen til eit engasjerande og givande arbeidsmiljø!
Hos oss legg vi stor vekt på å tilby gode helsetenester for barn og unge. Sjå filmen om prosjektet vårt og bli litt betre kjent med oss: https://youtu.be/FKTrqoZHBxM
Hos oss er det viktig at du:
Personlege eigenskapar blir vektlagde
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Tittel
Lege i spesialisering (LIS3)
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson

Relaterte stillinger
BH

HAUGESUND
Over en måned siden